(NPK-NTB): Reiarane kontraherer færre skip, og ifølgje Rederforbundet har ikkje ordrebøkene vore så tynne sidan 2011. Dei siste sju åra er talet på skip under bygging – og deira samla verdi – meir enn halvert, skriv .
Nedgangen er størst for offshore serviceskip, og denne kategorien står åleine for brorparten av reduksjonen. I takt med at skipa blir leverte og færre nye skip blir bestilte har volumet i denne kategorien falle frå 63 til 43.
I første halvår 2015 vart den norske utanriksflåten redusert med 37 skip til 1.737. 110 skip vart selde eller gjekk til opphogging.
Oversikta frå Rederiforbundet omfattar berre skip eid av norske selskap, det vil seie der den norske eigardelen er over 50 prosent. Dermed er for eksempel ikkje John Fredriksens shippingverksemd med i tala. (©NPK)

Publisert: 01.10.2015 12:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50