Norske turistar vil ha aktiv ferie
Dårleg sesong for sightseeing-tilbod.
(NPK): Medan aktivitetstilbod for turistar på Vestlandet er populære som aldri før, opplever sightseeing-tilboda det stikk motsette.
– Vi saknar utanlandske turistar , seier dagleg leiar for Oldedalen Skyss, Rogeir Haugen, til NRK Vestland.
Inst i Nordfjord skyssar selskapet turistar til Briksdalsbreen. Frå å ha om lag 700.000 besøkjande i året før pandemien, ligg tala no på kring ein tiandedel av dette.
– Dei norske turistane går oftare opp til breen sjølve, medan utanlandske turistane gjerne nyttar transport begge vegar, seier Haugen.
Ifølgje ei undersøking gjort av Virke Reiseliv, er Vestlandet ferievinnaren blant nordmenn i sommar. Likevel merkar reiselivsbedrifter som har satsa på opplevingar for cruisegjestar at dei ikkje dukkar opp.
For selskap som baserer seg på aktive turistar, går det derimot ein del betre. Til dømes er turtilbodet Via Ferrata i Loen framleis populært. Åtte av ti besøkjande er nordmenn.
– Norske turistar som er på ferie i Noreg ønskjer å bruke naturen og ha aktive feriar, seier leiar for Virke Reiseliv, Astrid Bergmål.
(©NPK)
Publisert: 28.07.2021 16:19
Sist oppdatert: 28.07.2021 16:21