Kort fortalt

Norskrav for sosialhjelp

Må lære norsk for å få sosialhjelp.

05.08.2019
NPK-NTB: Statsminister Erna Solberg (H) seier ho vil ha slutt på at innvandrarar går på sosialhjelp fordi dei ikkje får seg jobb grunna manglande norskevner.
Solberg seier til at regjeringa vil sende forslaget om å ta sosialstønad frå innvandrarar som ikkje lærer seg norsk, ut på høyring.
– Norsk språk er nøkkelen inn i arbeidslivet og det norske samfunnet. Det kan ikkje vere slik at nokon går år inn og år ut på sosialhjelp fordi dei ikkje får seg jobb på grunn av manglande norskevner. Då må vi gjere noko med det, seier statsministeren til avisa.
Solberg seier regjeringa vil endre lova slik at dei som har rett og plikt til introduksjonsprogrammet, der det blir gitt språkopplæring, men som etter gjennomføringa framleis ikkje kan godt nok norsk til å få seg jobb, må ta norskkurs for å få sosialhjelp. Dei som ikkje gjer det, kan miste heile eller deler av den økonomiske støtta si.
I første omgang vil dette gjelde asylsøkarar og flyktningar under 30 år, men det kan gjelde fleire aldersgrupper etter kvart. Solberg seier at det likevel finst unntak dersom det blir ein uforholdsmessig belasting for nokon.
For innvandrarar som har vore her i mange år, og som ikkje er sjølvhjelpne på grunn av manglande norskevner, seier statsministeren at dei vil innføre ei plikt for kommunane til å vurdere om det skal stillast krav om norskkurs.

Publisert: 05.08.2019 09:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33