(NPK-NTB): Gebyra vert auka med om lag 33 prosent, ifølgje den danske bransjeavisa Check-In. Samtidig lanserer lågprisselskapet ein «plusspakke» der førehandsbestilling av sete og innsjekka bagasje er inkludert. Dette er ei teneste som allereie har vore tilgjengeleg for passasjerar på Norwegians langdistanseruter.
Prisen på tilleggstenestene varierer med lengda på flyruta. På eit fly som går frå Oslo til Bergen har prisen til no vore 49 kroner for innsjekking av bagasje og 49 kroner for setebestilling. Den nye prisen blir 70 kroner for kvar teneste, men berre 99 kroner dersom ein vel plusspakken der begge delar er inkludert.
Målet med den nye pakkeprisen er å gjere det enklare for passasjerane.
– Ein kan naturlegvis også velje vekk alle tillegg, seier merkevaresjef Julius E. Støback til Check-In.

Publisert: 10.02.2014 13:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21