(NPK-NTB): Denne veka har Norwegian begynt å krevje inn flypassasjeravgifta hos kundane sine. Fleire passasjerar rasar, særleg dei som har bestilt og betalt reisa før avgifta vart innført 1. juni.
Norwegian krev inn avgifta på 88 kroner for innanlandsreiser og 80 kroner for utanlandsreiser, melder .
Flyselskapet ville opphavleg trekkje beløpet direkte frå bank- og kredittkorta til kundane, det same kortet kundane brukte til å betale reisa med. Det fekk Forbrukarombodet til å reagere, og no kjem avgifta i form av ein faktura for dei som ikkje vart belasta for beløpet då dei opphavleg betalte reisa.
– Dette er ikkje pengar Norwegian skal ha fem øre av. Vi krev inn desse pengane på vegner av staten og skulle svært gjerne vore forutan oppgåva som «innkrevjingssentral» for staten, seier presseansvarleg Daniel Kirchhoff i Norwegian.
Mange passasjerar som har fått slike krav, har tatt kommentarfeltet på Norwegians Facebook-side i bruk og uttrykt si misnøye med kravet.
Dei fleste reagerer negativt på at Norwegian ber om pengar på reiser som er bestilt og betalt før 1. juni, men gjennomført etter denne datoen. Flyselskapet viser til at avgifta er innført med tilbakeverkande kraft og at dei derfor må krevje inn beløpet.
SAS derimot har ifølgje informasjonssjef Knut Morten Johansen ingen planar om å etterfakturerte flypassasjeravgifta. (©NPK)

Publisert: 01.07.2016 08:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45