Kort fortalt

Norwegian og SAS med nye gebyr

Må betale for å endre sete.

25.01.2018
NPK-NTB: Norwegian-passasjerar kan ikkje lenger endre sete ved innsjekk på flyplassen utan å betale for det. Hos SAS mister enkelte kundar ein bagasjefordel.
Dei nye reglane tredde i kraft 15. januar, og prisen det kostar å velje sete varierer frå rute til rute, skriv .
– Alle som bestiller reise hos Norwegian får tildelt sete automatisk. Dei som ønsker å sikre seg sitt favorittsete eller ønsker ein garanti for å sitte saman, betalar litt ekstra for det. For at same praksis skal gjelde for alle, er det ikkje lenger mogleg å velje sete gratis når ein sjekkar inn på automat, seier Lasse Sandaker-Nielsen, kommunikasjonssjef i Norwegian til avisa.
Kundar som har kjøpt flex-billett eller har førehandsbestilt sete, kan ifølgje Sandaker-Nielsen endre på nett eller i appen til flyselskapet.
Også hos SAS vil kundane oppleve endringar i det nye året. Frå 7. mai må sølv-, gull- og diamantkundar også betale for å sjekke inn bagasjen sin i billigaste billigklasse «Go Light», ifølgje E24.

Publisert: 25.01.2018 11:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40