Kort fortalt

Norwegian og Widerøe skrur opp prisane

Kompenserer for flypassasjeravgifta.

09.03.2016
(NPK-NTB): Både Norwegian og Widerøe har allereie sett opp billettprisane frå 1. april for å kompensere for den varsla flypassasjeravgifta.
Stortinget vedtok den omstridde avgifta på 80 kroner 14. desember i fjor. Innføringa skal etter planen skje 1. april, noko som allereie har fått to av fire flyselskap som opererer i Noreg, til å legge på prisane, melder .
– Billettprisane har blitt justert noko for å ta høgde for at den foreslåtte flypassasjeravgifta blir innført, seier kommunikasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian til kanalen.
– Vi har lagt på prisane for å unngå tap på førehandselde reiser som blir avgiftspliktige, forklarar kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe.
Både SAS og Ryanair vel på si side å la vere å sette opp prisane no. SAS fordi ein er usikre på korleis avgifta vil ende opp til slutt. Ryanair fordi selskapet alltid skal tilby dei lågaste prisane, ifølge Norden-sjef Hans Jørgen Elnæs. Det irske lågprisselskapet har på si side varsla at dei legg ned basen på Moss Lufthamn Rygge 1. november dersom avgifta blir innført. (©NPK)

Publisert: 09.03.2016 08:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47