Kort fortalt

Nullmoms for media

Det blir null moms i mediebransjen, også for nettaviser.

07.10.2015
(NPK-NTB): Det er positivt at kulturminister Thorhild Widvey (H) no tidfestar innføringa av digital nullmoms, meiner Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Amedia.
– Vi føreset at avgrensinga blir framtidsretta, og at den speglar korleis journalistikken utviklar seg. Her er det viktig at resultatet blir rett, seier styreleiar Didrik Munch i MBL.
I statsbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa nullmoms, som i dag er øyremerkt papiraviser, heretter også skal gjelde digitale utgåver, radio og TV.
Amedias konsernsjef Are Stokstad kallar forslaget det viktigaste mediepolitiske tiltaket på lenge.
– Med sitt initiativ har regjeringa lagt til side tidlegare planer om å innføre felles lågmoms for papiraviser og digitale utgåver. Det betyr at dei har lytta til bransjen og forstår dei utfordringar den står overfor, seier han. (©NPK)

Publisert: 07.10.2015 11:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50