Kort fortalt

Nullutslepp i verdsarvfjordane

Skal gjelde frå 2026.

13.05.2022

Sjøfartsdirektoratet har byrja jobben med å stille krav om nullutslepp for turistskip og ferjar i verdsarvfjordane frå 2026.

– Vi tek no fatt på eit spennande og viktig oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Oppdraget skal gjennomførast i god dialog med berørte aktørar som vi ser fram til eit godt samarbeid med, seier Linda Bruås, avdelingsdirektør for regelverk og internasjonalt arbeid i Sjøfartsdirektoratet på direktoratet sine nettsider.

Direktoratet skal byggje arbeidet sitt på tidlegare utgreiingar og vurdere behov for oppdatering av kunnskapsgrunnlaget ut frå status i teknologiutvikling og andre relevante forhold, til dømes lokale og næringsmessige forhold.

Direktoratet skal også vurdere dei administrative og økonomiske konsekvensane som innføring av krava kan føre til, i tillegg til andre samfunnsmessige verknader av krava.

Departementet har også bede direktoratet om å sjå på tiltak som er relevante for å sikre verdsarvfjordane som anløpshamn for cruisebåtar også etter 2026.

Publisert: 13.05.2022 10:26

Sist oppdatert: 13.05.2022 10:28

Mer om