Kort fortalt

NVE opnar for tre småkraftverk i Nordfjord

To ja i Bremanger, eitt ja i Eid.

16.06.2016
(NPK): Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve tre løyve og eitt avslag til småkraftverk i Nordfjord.
Dei tre småkraftverka som har fått løyve er Sigdestad og Elde kraftverk i Bremanger kommune og Stårheim kraftverk i Eid kommune i Sogn og Fjordane.
Kloveelva kraftverk i Eid kommune har derimot fått avslag.
Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil kunna produsera rundt 39 GWh i eit medels år. Det svarar til straumbruken til om lag 1.800 husstandar, skriv NVE.
Direktoratet skriv at dei har gjeve konsesjon til dei kraftverka som gjev minst konflikt med desse allmenne interessene og som samstundes vil bidra til å produsera fornybar energi. (©NPK)

Publisert: 16.06.2016 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45