Kort fortalt

NVE truar med å stanse vindkraftverk

Det gjeld vindkraftverk som ikkje toler sterk vind.

21.09.2022

I to år har gjenstandar frå vindturbinane i Ånstadblåheia i Sortland falle ned i sterk vind. No truar NVE med å stengje anlegget.

Sidan 2020 er det registrert minst sju hendingar der gjenstandar har falle ned. Det går fram i eit brev frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Direktoratet krev at problema ved vindkraftverket blir løyst innan midten av oktober, elles vil anlegget bli stengt. Seksjonssjef Anne Johanne Kråkenes seier til NRK at NVE ser alvorleg på situasjonen.

– Vi registrerer gjentakande fallande gjenstandar frå turbinane knytt til sterk vind. Dette skal ikkje skje.

Ånstadblåheia vindkraftanlegg ligg i Sortland kommune i Nordland og består av 14 vindturbinar.

Dagleg leiar i Ånstadblåheia Vindpark, Noor Nooraddin, stadfestar problema ved vindkraftverket, men seier tryggleiken har høgaste prioritet.

– Vêr og vind i Vesterålen er nok noko av det tøffaste ein kan utsetje slikt maskineri for. Vi har overvaka situasjonen nøye og har heile tida hatt løpande dialog med NVE, kommunen og alpinanlegget.

20 teknikarar er for tida i sving med å utbetre skadane og auke tryggleiken.

Publisert: 21.09.2022 09:59

Sist oppdatert: 21.09.2022 10:00

Mer om