NPK-NTB: Innan utgangen av april månad skal regjeringa komme med ei avklaring om det skal vere lov med større og mindre kultur- og idrettsarrangement etter 15. juni.
– Vi kjem til å ta ein heilt konkret, endeleg avgjerd innan utgangen av april, sa kulturminister Abid Raja (V) på den daglege pressekonferansen til regjeringa fredag ettermiddag.
Kulturministeren fortalde at han har vore i dialog med store aktørar om tematikken tidlegare denne veka, og at desse har vore fornøgd med dette.
– Det eg kan forsikre om, er at vi jobbar intenst med å kikke inn i den glaskula saman med Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, og ikkje minst departementet og regjeringa samla for å fatte ei avgjerd, sa Raja.

Publisert: 17.04.2020 17:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28