Eirik Vartdal Sparebanken Vest Ålesund Foto Marius Rosbach11
NYTT KONTOR: Eirik Vartdal leiar allereie banken si verksemd i Ålesund og Volda. No opnar dei også kontor i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Ny bank opnar i Ulsteinvik

Skal tilsette nye rådgivarar.

22.10.2024

Eirik Vartdal blir banksjef for Sparebank Vest si avdeling i Ulsteinvik når dei opnar nytt kontor. 

Det melder Vikebladet

Banken er allereie representert i Ålesund og Volda på Nordvestlandet, og Ulstein-kontoret blir det 37. i rekka totalt. Kontoret skal opne i løpet av første kvartal 2025.

Eirik Vartdal leiar allereie banken si verksemd i Ålesund og Volda, som opna for høvesvis tre og eitt år sidan. 

Han fortel at dei i første omgang skal dei tilsette de rådgivarar for privatmarknaden, som skal jobbe i Ulsteinvik. 

Banken har allereie sikra seg lokale, men det er ikkje kjent kvar. Sparebanken Vest skal også skifte namn neste år til Sparebanken Norge. 

Publisert: 22.10.2024 09:12

Sist oppdatert: 22.10.2024 09:12

Mer om