Den 96 meter lange brønnbåten med 6600 kubikkmeter lastekapasitet blei sett rett i drift i Skottland etter at Trident Aqua Services overtok den frå tyrkiske Selfine Shipyard i desember 2025.
Trident Aqua Services er resultatet av samanslåinga av FSV Group, Intership og Aquaship i 2025.
Med Inter Alba har selskapet ein flåte på 63 fartøy, som både omfattar brønnbåtar og ulike servicefartøy for oppdrettsnæringa. I tillegg har selskapet fem fartøy under bygging.
Som følgje av samanslåinga av dei tre reiarlaga i fjor er de investeringsfondet American Industrial Partners som er majoritetseigar.
Publisert: 16.02.2026 10:27
Sist oppdatert: 16.02.2026 16:59






