(NPK-NTB): Noreg og Grønland er blitt samde om ein kvoteavtale for 2016. Avtalen inneber ei vidareføring av fiskekvotane for dei fleste bestandane på same nivå som for 2015.
– Eg er nøgd med at Noreg og Grønland er samde om ein kvoteavtale for 2016, seier .
Avtalen inneber at norsk moglegheit til blåkveitefiske ved Aust-Grønland blir redusert med 100 tonn til 400 tonn i 2016. Til gjengjeld har Noreg fått ein ny kvote på brosme på 200 tonn.
Noregs blåkveitekvote på 900 tonn ved Vest-Grønland blir vidareført. Torskekvoten blir vidareført med 1.200 tonn, mens kvoten for botnlevande uer held fram å vere på 800 tonn. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn bifangst av andre artar.
Grønlands kvote i Barentshavet er til liks med inneverande år sett til 3.500 tonn torsk, 900 tonn hyse og 700 tonn sei. I tillegg kjem 260 tonn bifangst av andre artar.
Dei to landa er dessutan blitt samde om å vidareutvikle og vidareføre forskingssamarbeidet på blåkveite, torsk, uer og makrell. (©NPK)

Publisert: 09.12.2015 13:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49