Kort fortalt

Ny hamnelov på veg

Effektiv og sikker sjøtransport er målsetjinga. 

12.08.2016
(NPK): Det offentlege lovutvalet blei utnemnt i statsråd fredag og blir leidd av advokat Kristin Bjella. Både kommunane, hamnene, reiarlagsnæringa, transport- og logistikknæringa og Kystverket er representerte i utvalet.
– Regjeringa ønskjer å få på plass eit meir brukarvenleg og tidsriktig regelverk for å betre tryggleiken på sjøen, og legge til rette for ein meir effektiv og miljøvenleg sjøtransport, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Utvalet skal levere ein rapport til Samferdselsdepartementet innan 1. desember 2017. (©NPK)

Publisert: 12.08.2016 14:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44