Kort fortalt

Ny Havila Kystruten-segling avlyst

Havila Kystruten har framleis ikkje fått forsikra skipet Havila Capella.

24.05.2022

Derfor blir det ikkje noka segling frå Bergen 26. mai.

– Vi jobbar kontinuerleg med å finne ei mellombels løysing for å setje Havila Capella tilbake i rute. Samtidig jobbar vi med ei permanent løysing som inneber at vi overtek eigarskapen i skipet, seier administrerande direktør Bent Martini i ei pressemelding tysdag.

Skipet blir leasa frå eit russisk selskap, og 9. mai melde reiarlaget at Utanriksdepartementet hadde avslått søknaden deira om dispensasjon frå sanksjonane mot Russland. Dermed står skipet Havila Capella utan forsikring, sjølv om selskapet har fått dispensasjon til å drifte skipet i seks månader.

Ifølgje selskapet er det uklart når problema blir løyste.

Publisert: 24.05.2022 17:14

Sist oppdatert: 24.05.2022 17:15

Mer om