Blir ny leiar i Atlantic Sapphire
Finansdirektøren i oppdrettsselskapet sluttar.
Gunnar Aasbo-Skinderhaug er tilsett som ny finansdirektør og assisterande administrerande i Atlantic Sapphire.
Det opplyser selskapet i ei børsmelding måndag, etter at Karl Øystein Øyehaug har bestemt seg for å slutte som finansdirektør i selskapet. Øyehaug blir i stillinga til Aasbo-Skinderhaug har flytta til Florida.
Atlantic Sapphire driv lakseoppdrett i den amerikanske delstaten Florida, med hovudkontoradresse i Vestnes.
Aasbo-Skinderhaug har meir enn 15 års erfaring frå sjømatindustrien og kjem frå stillinga som direktør for Cermaq Norway Salmon. Han startar i jobben 1. juli.
Atlantic Sapphire er også på jakt etter ny toppsjef, og opplyser at dei ventar å ha avslutta prosessen i løpet av andre kvartal.
Selskapet har hatt fleire problem med oppdrettsverksemda i det varme klimaet. Etter at anlegget vart utbetra, har vekst og kvalitet innfridd eller overgått forventingane, melde dei nyleg i si siste statusoppdatering.
Publisert: 06.05.2024 09:20
Sist oppdatert: 06.05.2024 09:31