(NPK): Ein ny modell viser kor effektiv kampen mot lakselus er. Om oppdrettsfisken held seg fem meter under overflata vil mengda lus søkkje med 40 prosent.
Dei største mengdene lakselus er nære havoverflata, så difor får fisken færre lus om han ikkje sym i dei områda. Det viser undersøkingar har gjort i Hardangerfjorden.
Instituttet har laga ein modell som viser korleis lakselus fordeler seg i eit geografisk område i perioden han kan festa seg på fisk. Den samlar saman mykje informasjon om vatnet og lusene, og kan seia noko om kor mange lus det er i eit område.
Modellen brukar dei til å vurdera ulike tiltak mot lakselus, og det er i bruk mykje teknologi, som snorkelmerdar, fôring på djupt vatn og undervasslys, for å halda fisken vekke frå overflata.
– Om me brukar teknologien for å halda fisken vekke frå overflata kan me redusera mengda lakselus med over 60 prosent i Hardangerfjorden, seier forskar Francisca Samsing, og legg til at talet vil vera mindre i område med mindre salt i vatnet. (©NPK)

Publisert: 27.07.2016 15:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45