(NPK): Til neste sommar håpar Norges Bygdekvinnelag å servera ein heilt ny nettstad for norsk tradisjonsmat.
No arbeider organisasjonen med å få inn oppskrifter frå dei 450 lokallaga rundt om i landet, fortel
– Vi ønskjer å formidla historiene og den geografiske forankringa i tillegg til sjølve oppskriftene, og dermed er vi avhengige av bidrag frå heile landet, seier prosjektleiar for den planlagde nettstaden Gunn Jorunn Sørum til avisa.
Det blir peikt på at mange av lokallaga alt har samla mange lokale og regionale oppskrifter i eigne kokebøker og at målet på sikt er å samla mykje av dette på dei nye nettsidene.
Planen er at den nye nettstaden skal lanserast neste sommar. Sparebankstiftinga DNB har støtta tiltaket med 1.749.000 kroner.

Publisert: 22.12.2016 11:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43