(NPK-NTB): Norske hotell noterte seg 2,45 millionar overnattingar i juni, noko som er 3 prosent auke og ny rekord for månaden. Likevel gjekk omsetnaden ned.
Dei siste tala frå viser at det er utlendingane som trekkjer opp tala. I juni var det 927.000 utanlandske overnattingar ved norske hotell, ein auke på heile 10 prosent frå året før, mens dei norske overnattingane gjekk ned med 1 prosent. Totalt vart det likevel auke og ny rekord. Trass i dette gjekk losjiomsetninga ned 1 prosent, og gjennomsnittsprisen per rom var 925 kroner i juni i år, 2 prosent mindre enn i juni i fjor. Seks av ti overnattingar er knytt til ferie og fritid.
Også talet på overnattingar ved campingplassar, hyttegrender og på Svalbard auka i juni. Totalt er det notert nesten 4 millionar betalte overnattingar i Noreg i juni og 14,3 millionar overnattingar i første halvår. (©NPK)

Publisert: 19.08.2016 10:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44