(NPK-NTB): Fleire har dei siste åra tatt til orde for at Noreg er ramma av ei «mastersjuke», der altfor mange unge tar høgare utdanning samanlikna med behovet i arbeidslivet.
OECDs årlege rapport «Education at a Glance» gir derimot eit anna bilete. Han viser at Noreg både ligg under OECD-snittet når det gjeld delen vaksne med utdanning på mastergradsnivå, og at vi også ligg under nabolanda våre.
– Dette viser at vi ikkje har nokon «mastersjuke» i Noreg, slik enkelte har hevda. Tvert imot ligg vi bak land vi elles likar å samanlikne oss med når det gjeld utdanningsnivået til befolkninga, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
I Noreg har 16 prosent av befolkninga mellom 30 og 34 år utdanning på mastergradsnivå. I Sverige og Danmark er delen med mastergrad i denne aldersgruppa 19 prosent, noko som svarar til gjennomsnittet for alle medlemslanda i EU. Totalt er det forventa at 45 prosent av befolkninga i Noreg tek ei høgare utdanning ein eller annan gong i livet, medan gjennomsnittet for OECD-landa er 50 prosent. (©NPK)

Publisert: 24.11.2015 12:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50