Offshoreselskapet Eidesvik Offshore opplyser i fredag ettermiddag at selskapet har oppnådd semje med kreditorane om å redusere avdraga på sine sikra lån, samt å legge til rette for ei finansiering som skal ta reiarlaget fram til 2022.
For at avtalen skal verte gjeldande, må selskapet hente inn 120 millionar kroner i ny eigenkapital.
Sentralt i avtalen er at avdraga vert reduserte med 72,5 prosent frem til 30. juni 2021. Vidare vil 75 prosent av provenyet fra sal av obligasjonar i CGG brukast til å redusere sikra gjeld, medan resten skal nyttast til avdrag mellom 2018 og 2020.
Når det gjeld rentevilkår, vert det ingen endringar.
Eidesvik Offshore-aksjen har gått som ein jojo på Oslo Børs. I forkant av meldinga vart det innført børspause etter at aksjen steig 50 prosent til 14,50 kroner aksjen.
Etter meldinga har aksjen på nytt falle, og vert klokka 16 handla til 9,30 kroner aksjen - ein nedgang på tre prosent frå i går.

Publisert: 05.01.2018 16:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40