Kort fortalt

Ny regionsjef i Marine Harvest

Asgeir Hasund er tilsett som regiondirektør i Marine Harvest.

02.12.2015
47-åringen frå Åheim overtek etter Per-Roar Gjerde som vert viseadministrerande direktør for Marine Harvest i Chile.
Asgeir Hasund seier til NETT NO at Marine Harvest Norway Region Vest er ein fantastisk arbeidsplass.
- Det å få stillinga som regiondirektør er både motiverende og svært interessant.
Han seier at fokus framover er å byggje videre på det gode arbeidet som er lagt gjennom mange år i regionen.
- Samtidig skal vi styrke fokuset på kritiske suksessfaktorar for å sikre ein berekraftig produksjon, utvikle interessante og trygge arbeidsplassar, levere eit kvalitetsprodukt og oppnå eit attraktivt finansielt resultat for selskapet.
Siste åtte åra har Hasund vore produksjonssjef Sjø i Region Vest.

Publisert: 02.12.2015 20:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49