Kort fortalt

Ny regissør for Herøyspelet

Jeff Pedersen overtar i "Kongens ring".

12.03.2019
I sitt 28. år får Kongens Ring ny regissør. Det er teateregissør og sverdkampinstruktør Jeff Pedersen.
Han er opprinneleg frå USA, busett i Stongfjorden i Sogn og Fjordane. Der bur han saman med Idun Losnegård som er dotter til manusforfattar Rolf Losnegård, opplyser Herøyspelet i ei pressemelding tysdag.
Jeff Pedersen har vore regissør både for Kinnaspelet, Håkonarspelet og Dragseidspelet.
Styreleiar Linn Therese Sævik seier at ho er spent og optimistisk før årets spel.
- Dette blir heilt nytt for oss. Det er klart at det blir annleis, men vi trur også at det vil skape nytt liv og ny energi både i spelet og i apparatet rundt. Vi gler oss.

Publisert: 12.03.2019 08:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35