Denne veka arrangerte næringsforeiningane i Ålesund, Molde og Kristiansund Bli Med Hit! i Oslo. Det er i første rekke ei jobbmesse der dei som er interessert i å finne seg ei arbeid i Møre og Romsdal blir invitert.
På førehand hadde fleire enn 350 billettar teke ut. Det er ny rekord for arrangementet som har vorte ein årleg seanse. Kor mange som faktisk kom, har ein ikkje tal på.
Men dei var ein heil del. Det var alt frå studentar med nokre år att før dei var klare for jobb, par med barnevogn og gode utdanningar – og veteranar i arbeidslivet.
Felles for dei alle, er at dei har ei viss interesse for å flytte til Møre og Romsdal for å få seg jobb. Også har dei teke turen til Oslo sentrum dagen for å sjekke ut kva som finst «der oppe» for nokre, eller «der heime» for andre.
I eit fylke der over 60 prosent av NHO-bedriftene fortel at dei har kompetansebehov dei ikkje får dekka, er det opplagt at ein slik møteplass bør vere noko svært mange arbeidsgivarar kan ha nytte av å prioritere.
Men alle treng sjølvsagt ikkje reise dit. Og at færre bedrifter valde å delta i år, kan ha sine vektige grunnar. Truleg kan det óg vere ein effektiv løysing å gjere slik dei fem kommunane frå søre Sunnmøre gjorde:
Ulstein, Hareid, Ørsta, Volda og Vanylven gjekk saman om å lage ei felles liste med eit 60-tals ledige jobbar i det offentlege og private firma. Eit A4-ark med namn på arbeidsgivarar og kontaktinformasjon låg framme for alle til å ta med seg. Enkel, konkret og effektiv kommunikasjon. I tillegg stod ordførarar og næringsforeiningar side om side for å framsnakke kvarandre sine bedrifter.
Men kva no? Etter jobbemessa vil ein del arbeidsgivarar få telefonar, opne cv-ar og søknader på konkrete jobbar. Og nokre vil truleg også ende opp med å få jobb som følgje av møta som skjedde måndag.
Men for fleire hundre av dei som melde si interesse, passa det ikkje no. Eller dei fann ikkje nett den stillinga dei var ute etter. Eller så gjekk dei rett og slett forbi den eine standen, der det stod nokon med ein jobb som passa.
Ein openberr ting er å ta vare på alt som finst av kontaktinformasjon til desse personane. Og det blir heldigvis gjort – til ein viss grad. For sjølv om mange av deltakarane har godteke at e-postadressa deira blir lagra når dei tingar billett, er det grenser for kva det kan brukast til.
Å invitere dei til neste års arrangement er kanskje innafor, men personvernomsyn sett grenser for lagring av slike data – og ikkje minst korleis ein kan dele dei med andre.
Ein arbeidsgivars «våte draum» ville truleg vore å nytte ansiktsgjenkjenning, og samle alle i ein database der ein koplar personar til udekka rekrutteringsbehov.
Ein Nav-leiar på messa var overtydd om at kunstig intelligens ville ta over mange av arbeidsoppgåvene deira – og gjere det betre. Utfordringa per i dag er personvernet og GDRP-lovgivinga. Og det skal vi vere takksame for.
Med innsats er det likevel moglegheiter. Ei kan bygge ein database slik Nordfjordkompaniet gjer. Der får unge tilbod om å vere med i eit nettverk som held dei oppdatert på karrierevegane heime når dei flyttar ut.
Eller ein kan ta skrittet ut i samarbeid med tenester som Karrierepasset, som inkluderingsbedrifter som Furene og Brisk nyttar. Det er eit verktøy som skal vere folk sin digitale portefølje for all livserfaringa dei har og hjelpe dei til å nå sine mål.
Uansett byr teknologien på berre nokre av mange moglegheiter til å halde kontakt og knytte eit band til desse folka som trass alt har vist ein interesse for å kome til Nordvestlandet.
Ein anna metode som óg har vist seg å ha god effekt, er å tipse nokon unge i ditt eige nettverk om neste rekrutteringsarrangement.
Les fleire saker om Bli Med Hit! i Oslo under:
Publisert: 26.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 25.04.2026 18:16






