Kort fortalt

Ny rekord for Island Offshore-skip

Kraftplugg med tungt slep.

Marius Rosbach
12.03.2021

Ankerhandteringsfartøyet Island Victory har satt det som blir omtala som ein verdsrekord på Solveig-feltet i Nordsjøen, melder Lundin på sin heimeside.

Skipet trekte ankerlina med ein kontinuerleg kraft på 440 tonn under eitt oppdrag med å legge anker til boreriggen West Bollsta.

Island Victory er rekna som det kraftigaste i offshoreflåten, og har tidlegare sett rekord i slepetestar. Skipet var ei storsatsing frå Island Offshore si side, og kosta rundt 1,1 milliardar kroner. Fartøyet vart levert frå Vard Langsten i fjor vinter og maskinsjefen om bord har hand om 42.000 hestekrefter.

Publisert: 12.03.2021 16:14

Sist oppdatert: 12.03.2021 16:15

Mer om