NPK-NTB-AFP: Brenninga av kol ligg an til å slå nye rekordar i år, opplyser Det internasjonale energibyrået (IEA).
På same tid i fjor rekna IEA med at kolforbruket i verda kom til å søkke i 2024 etter rekordbruk i 2023. Det skjedde altså ikkje, i staden auka etterspurnaden etter det som blir rekna som det mest klimafiendtlege fossile brennstoffet.
Totalt er det anslått eit forbruk på 8,77 milliardar tonn med kol, og Kina står for rundt 4,9 milliardar av dei. Kolbruk i EU og USA har samtidig gått ned med høvesvis 12 og 5 prosent.
Publisert: 18.12.2024 08:57
Sist oppdatert: 18.12.2024 08:57