Kort fortalt

Ny rekord i handel med kort

3,9 milliardar kroner 22. desember.

27.12.2017
NPK-NTB: Fredag 22. desember vart norske betalingskort brukt til å handle for meir enn 3,9 milliardar kroner. Det er ny norsk rekord.
Dei 3,9 milliardar kronene vart betalt gjennom totalt 8,7 millionar kortkjøp. Den førre rekorden vart sett under årets Black Friday der det også vart gjennomført 8,7 millionar kortkjøp, men då med ei kortomsetning på rett over 3,6 milliardar kroner.
– Den 22. desember var det ein periode på meir enn tre timar der det vart utført 275 kortkjøp i sekundet, noko som tilseier at det berre i dei timane vart gjennomført om lag tre millionar kortkjøp. Eg har aldri sett at det har vore så høgt over så lang tid, seier Stein-Arne Tjore, pressesjef for Nets i Norge.
Tal frå Nets og BankAxept AS viser at i perioden frå 1. til og med 23. desember vart betalingskorta nytta 145,6 millionar gonger, noko som er ein vekst på 3,4 prosent samanlikna med same periode i fjor. Omsetnaden med kort har i perioden vore på 54,6 milliardar kroner, ein auke på 3,3 prosent.

Publisert: 27.12.2017 14:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40