Kort fortalt
Ny renteauke i september
Auka styringsrenta i dag.
17.08.2023
Styringsrenta til Noregs Bank blir sett opp med 0,25 prosentpoeng til 4 prosent, kunngjorde sentralbanken torsdag.
Det var ei utbreidd semje blant økonomar og analytikarar om at styringsrenta skulle opp – i tråd med signala sentralbanken kom med i juni.
Då vart styringsrenta sett opp med 0,5 prosentpoeng. Samtidig signaliserte sentralbanksjef Ida Wolden Bache to hevingar til før toppen blir nådd på 4,25 prosent.
Går det som Noregs Bank ventar, vil vi måtte tole endå ein renteauke i september.
Det kom fram då avgjerda om å setje opp styringsrenta med 0,25 prosentpoeng vart kunngjort torsdag.
Publisert: 17.08.2023 14:13
Sist oppdatert: 17.08.2023 14:13