Kort fortalt

Ny partnar for The North West

The North West og tankesmia Initiativ Vest i samarbeid.

14.05.2021

Organisasjonane har ei rekkje samanfallande interesser og gjennom denne avtala forpliktar partane seg til å støtte opp om og bidra på kvarandre sine arrangement, skriv The North West og Inititiativ Vest i ei felles pressemelding.

The North West er mellom anna arrangør av The North West-konferansen i Ålesund.

Initiativ Vest er ei tankesmie på Vestlandet med styremedlemmar frå Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. Frå Møre og Romsdal sit Annik Magerholm Fet og Anja Solevågseide i styret.

Som eit resultat av avtalen Initiativ Vest skal bidra under konferansen The North West i 2021. Initiativ Vest arbeider i hovudsak med spørsmål og saker innanfor hav og samfunn og det er langs desse spora dei vil bidra i det faglege programmet under årets konferanse, ifølgje pressemeldinga.

Publisert: 14.05.2021 10:28

Sist oppdatert: 14.05.2021 10:48