Aqua Nor 2025 MMC First Process Optimar Artec Aqua foto Ogne
INNTEKTSFALL: Både MMC First Process og Artec Aqua er på plass på oppdrettsmessa Aqua Nor, som opnar i Trondheim tysdag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Inntektsfall og minus for oppdrettsleverandørane

Peikar på grunnrenteskatten for sjøbasert oppdrett som årsak. Sjå bransjeoversikt.

19.08.2025

Dei siste åra har vore tøffe for selskapa som leverar utstyr til oppdrettsbransjen. Fleire er på plass under oppdrettsmessa Aqua Nor som opnar i Trondheim tysdag. 

I 2022 hadde dei 10 selskapa i Nett No si oversikt over 4,1 milliardar kroner i driftsinntekter. Året etter - i 2023 - var inntektene krympa med éin milliard kroner - til 3,1 milliardar kroner. 

Fallet var eigentleg enda større fordi inntektene til PE Bjørdal i Ørsta i 2022 ikkje er rekna med. Ørsta-selskapet gjekk til skifteretten i mai 2023. (Steel Tech starta ny drift i dei same lokale og ein del av dei tidlegare eigarane i same år). 

I fjor vart det ei utflating for leverandørbransjen til havbruksbransjen. Driftsinntektene blei på 2,8 milliardar kroner i 2024. 

  • Sjå resultatoversikt under saka

Minustal så langt
I 2022 gjorde Optimar sitt underskot på over 300 millionar kroner, at dei 10 selskapa samla sett gjekk med underskot. 

I 2023 kom dei til saman opp på eit lite plussresultat, før det vart nytt underskot i fjor.

I fjor var det hittil MMC First Process  og Optimar sine underskot som gjorde bransjen ulønsam samla sett (Sjå tabell under). 

Peika på lakseskatten
Også Artec Aqua fekk eit tøft år i 2024.

Inntektene i fjor var under ein fjerdepart av inntektene i toppåret 2022, og selskapet gjekk med underskot.

Grunnrenteskatten er ei viktig årsak til den negative utviklinga, meiner selskapet:

«Reduksjon i omsetningen i omsetningen skyldes færre større prosjekter sammenlignet med tidligere år. Selskapet har de senere år opplevde et krevende makroøkonomisk og politisk bilde knyttet til grunnrentebeskatning og uavklarte forskrifter for konsesjoner relatert til landbaserte oppdrettsanlegg, sterk prisvekst og økende kapitalkostnader. Dette har medført utsettelsen av investeringsbeslutning, og igangsettelse fra kundenes side for flere av prosjektene vi jobber med», skreiv styret i årsmeldinga for 2024. 

Sjå resultatoversikt: 

Utstyrsleverandørar til oppdrettsnæringa   
Tal i mill. Kroner    
     
 Driftsinntekt Res.f.skatt 
 2024202320242023
     
MMC First Process (K)663,9966,3-62,015,6
Cflow410,4424,0-6,60,5
Entec Evotec374,0349,411,110,5
Artec Aqua259,6289,7-10,3-7,0
Baader Norge234,8227,737,131,9
Ovun 211,9153,621,112,8
Brimer201,3209,75,918,3
Normex35,322,0-1,0-1,8
Steel Tech28,818,9-1,8-2,4
Optimar*

376,1

444

-156,4

-56
     
SUM2796,13105,3-162,922,4
*Artikkel og tabell er oppdatert etter at Optimar sine 2024-tal vart offentlege 15. september.    

Publisert: 19.08.2025 05:00

Sist oppdatert: 10.11.2025 18:32

Mer om