Kort fortalt

Ny sjukdom på regnbogeaure

Veterinærinstituttet har påvist ein ny sjukdomstilstand i setjefisk- og stamfiskanlegg for regnbogeaure. 

20.02.2014
(NPK): Sjukdommen er sannsynlegvis smittsam og truleg forårsaka av eit virus. Døyinga har delvis vore forhøgja i anlegga. Sjukdommen er ikkje farleg for menneske.
Veterinærinstituttet arbeider no saman med næringa, fiskehelsetenesta og Mattilsynet for å avklare årsaksforholdet og korleis sjukdommen smittar.
Dei første påvisingane er frå Hordaland og Sogn og Fjordane, men det er smittekontakt til nabofylke. Utbreiinga er under kartlegging.

Publisert: 20.02.2014 11:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21