(NPK-NTB): Det viktigaste skattemessige grepet regjeringa foreslår neste år for å dekke inn skattekutt, er å innføre ein ny modell for progressiv og trinnvis inntektsskatt. Den nye "trinnskatten" erstattar toppskatten.
Grepet er lagt opp etter ein modell frå eit offentleg utnemnt skatteutval, men er mindre drastisk.
Modellen inneber at personskatten aukar i fire trinn, mot toppskatten i dag som aukar i to trinn, avhengig av kor mykje ein har i personinntekt etter frådrag. Skatteprosenten aukar for kvart trinn ein kjem opp på skalaen.
Dette kjem på toppen av ein ny skattesats på 25 prosent og ei trygdeavgift på 8,2 prosent, som i dag. I dag er skattesatsen i botn på 27 prosent.
På det første trinnet i den nye modellen, som regjeringa foreslår sett til 158.800 kroner, aukar skatteprosenten med 0,8.
Og slik fortset det:
* På 224.900 kroner aukar prosenten med 1,6.
* På 565.400 kroner aukar prosenten med 10,6.
* På 909.500 kroner aukar prosenten med 13,6.Toppskatten har i dag to trinn, det første på 550.000 kroner (9 prosent), og det andre på 885.600 kroner (12 prosent). (©NPK)

Publisert: 07.10.2015 12:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50