Kort fortalt

Ny straumprisrekord i første kvartal

Hushalda betalte i snitt 117,2 øre/kWh for straum i første kvartal.

16.05.2022

Det er ny straumprisrekord, og rekorden frå førre kvartal er slått med god margin.

Prisen er utan avgifter og nettleige, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Fratrukke straumstøtta vart likevel den totale prisen som hushalda måtte betale, betydeleg lågare enn i fjerde kvartal 2021.

Prisen for første kvartal er 75 øre/kWh høgare enn snittet for same periode dei siste fem åra.

– Dei siste fem åra har gjennomsnittsprisen vore på litt over 40 øre/kWh i første kvartal. I første kvartal i år var prisen nesten tre gonger så høg. Dette er den høgaste straumprisen vi har målt sidan vi starta i 1998, seier Thomas Aanensen i SSB.

Publisert: 16.05.2022 10:17

Sist oppdatert: 16.05.2022 10:18

Mer om