Kåre Furnes blei vald som ny styreleiar på generalforsamlinga til Nordfjord Vekst i Måløy fredag. Han tar over etter Geir Arne Solheim, som ikkje ønskte å stille til attval.
Kåre Furnes er 61 år og frå Måløy. Han har lang fartstid i næringslivet og organisasjonar (linebåtreiarlag, journalist og redaktør i Fjordenes Tidende, styreverv i blant anna Havtrygd Forsikring, Sparebanken S&Fj, samt diverse organisasjonar i fiskerinæringa).
− Eg er veldig glad for at Kåre Furnes har takka ja til vervet som styreleiar i Nordfjord Vekst. Eg trur han har den rette bakgrunnen og dei rette eigenskapane til dette vervet. Eg ser fram til å samarbeide med han om utviklinga av næringslivet i Vågsøy, Eid og Selje, seier dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi Paulsen Humborstad, i ei pressemelding.
daglig leder i Nordfjord Vekst, Randi Paulsen Humborstad.
Publisert: 10.06.2016 13:20
Sist oppdatert: 22.03.2021 08:32





