Ulmatec lars illustrasjon innfelt bjorn gjerde
STORKONTRAKT: Salssjef Bjørn Gjerde i Ulmatec Handling Systems med illustrasjon av systema. Illustrasjon: Ulmatec Handling Systems
Kort fortalt

Ny Ulmatec-kontrakt med DOF

Held fram den sterke ordreinngangen.

Marius Rosbach
30.10.2024

Ulmatec Handling Systems har sikra seg nok ei levering på såkalla LARS-system (launch and recovery systems), til reiarlaget DOF, ifølgje ei pressemelding. 

Slike system blir brukt utsetting av fjernstyrte ubåter fra subseaskip. Verdien på leveransen blir ikkje opplyst. 

Selskapet som er ein del av Ulstein Marine Technology (Ulmatec), held dermed fram den sterke ordreinngangen for året, heiter det vidare i meldinga. 

Hareid-selskapet fortalde i sommar at dei hadde den beste ordreinngangen på fleire år, etter å ha sikra seg fleire kontraktar for slike LARS-system. 

Systema frå Ulmatec Handling Systems er laga spesielt for dei strenge krav i offshorebransjen og er utstyrt med teknologi som gjer det mogleg å operere på store havdjup via subseaskip. 

Publisert: 30.10.2024 10:20

Sist oppdatert: 30.10.2024 10:24

Mer om