ID: 13218488
(NPK-NTB): Den nye vrakpanten for fritidsbåtar, campingvogner, varebilar og motorsyklar som budsjettpartnarane innfører, kan bli justert på fleire punkt før den vert sett ut i livet.
– Sluttresultatet kan avvike noko frå avtaleutkastet i budsjettforliket. Det er for eksempel ikkje sannsynleg at ein vil få like stor vrakpant om ein leverer inn ei lita jolle framfor ein 15-fots båt, seier finanspolitikar Roy Steffensen i Framstegspartiet til NTB.
Budsjettavtala er no til behandling i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, der dei fire samarbeidspartia kan gjere enkelte endringar. Deretter får Klima- og miljødepartementet jobben med å gå gjennom detaljane og sikre ei endeleg utforming.
– Det takast sikte på at vrakpantordninga er i gang før sommaren 2017, seier Steffensen.
Budsjettforliket frå laurdag set av 300 millionar kroner til den nye vrakpantordninga neste år. Hensikta er å stimulere til utskifting av eldre, forureinande køyretøy. (©NPK)

Publisert: 08.12.2016 12:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43