Kort fortalt

Ny vri for landbruket

Senterpartiet vil gjere bønder av flyktningar.

10.08.2016
(NPK-NTB): Sp-nestleiar Anne Beathe Tvinnereim vil at landbruket prioriterer flyktningar framfor arbeidsinnvandrarar i tilsettingar.
– Dersom vi skal lykkast med integreringa må flyktningane komme i jobb fortast mogleg, seier Anne Beathe Tvinnereim til .
Tvinnereim har vore med i eit utval for ny integreringspolitikk ved tankesmia Agenda, som kjem med forslag til betre integrering for flyktningar og innvandrarar.
– Det blir stadig færre jobbar som ikkje krev utdanning, men primærnæringane og landbruket er ein av få som er igjen. Dermed bør det bli enklare for flyktningar å få seg jobb i landbruket, seier Tvinnereim.
Ho foreslår lønnstilskot og forenkla byråkrati frå Nav, og ho legg til at mange flyktningar allereie kan sitte på verdifull kompetanse.
– Eg meiner at vårt ansvar er å integrere flyktningane som skal bli buande og hjelpe dei i jobb, framfor å ha opne grenser for mellombelse arbeidsinnvandrarar.
Generalsekretær i Norges Bondelag Per Skorge er usikker på om landbruksnæringa har nok jobbar, men er likevel positiv til forslaget.
– Det vi har sagt er at vi må støtte opp om tiltaka styresmaktene legg opp til i samband med integreringa, enten det er frivillig arbeid, betalt arbeid eller busetjing, seier Skorge. (©NPK)

Publisert: 10.08.2016 08:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44