(NPK-NTB): Dei nye energikrava som Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fastsett, blir innførte som ei oppfølging av klimaforliket i Stortinget.
Krava blir lagt inn i byggteknisk forskrift, den såkalla TEK 10, og betyr at nye bygg vil bli om lag 20– 25 prosent meir energieffektive enn i dag.
Krava er i tråd med måla i klimaforliket om passivhusnivå, og blir oppnådd blant anna med betre vindauge, meir isolering og meir effektive tekniske system. Alle nye bygg skal dessutan varmast opp med klimavennleg energi.
Dei nye krava gjeld frå årsskiftet og inneber også eit forbod mot all installasjon av fossil energi i nye bustader og bygg.
– Bygg står for 40 prosent av energibruken i Noreg, og mykje går til oppvarming. Nye energikrav vil spare like mykje energi som om lag 50.000 hushald brukar per år. Det er bra både for forbrukarane og for miljøet, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft. (©NPK)

Publisert: 17.11.2015 14:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50