Rita Barstad Maraak Foto Marius Rosbach 11
NY SATSING: Hamnesjef Rita Berstad i Stranda fortel nye kaier og ladestruktur vil møte skip i verdsarvfjorden. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Nye flytekaier til fjordbygder

Nettverk skal sikre berekraftig reiseliv i verdsarvfjorden.

NPK
07.04.2025

(NPK): Stranda hamnevesen KF etablerer eit nytt, miljøfokusert fjordnettverk mellom bygdene i verdsarvfjorden for å møte nye miljøkrav og sikre ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa i regionen.

I løpet av våren og sommaren 2025 vil det bli bygd ny kai- og ladeinfrastruktur i Geiranger, Hellesylt og Stranda.

Prosjektet omfattar nye flytekaier i alle tre bygdene, med Geiranger Brygge som det største enkeltprosjektet. Alle flytekaiene vil vere universelt forma ut, og i Geiranger skal det i tillegg etablerast ladeinfrastruktur for båtar med opptil 400 passasjerar i 2026.

– Dette er Stranda hamnevesen sitt innovative svar på dei nye miljøkrava som i åra framover vil møte skip som seglar på verdsarvfjorden, seier hamnesjef Rita Berstad, i ei melding frå Stranda Hamnevesen KF.

Satsinga er ein del av prosjektet «Grøn kai», som er gjennomført i samarbeid med næringslivet, NTNU, Stranda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Målet er å legge til rette for nullutsleppsfartøy og sikre enkel og sikker av- og påstiging, og lading av batteri.

(©NPK)

Publisert: 07.04.2025 12:47

Sist oppdatert: 07.04.2025 12:47

Mer om