– Det blir jobba med å få på plass detaljane, seier kontaktperson Robert Bergerud i Eidsdal Næringsutvikling om planen selskapet har for å etablere cruisekai i Eidsdal.
Det blir arbeidd både med å kartlegge kostnadane og samstundes gjort sonderingar knytta til finansiering, i første omgang gjennom ein emisjon retta mot dagens eigarar av Eidsdal Næringsutvikling, seier Bergerud.
Selskapet har over 140 aksjonærar, storparten i, eller med tilknytning til Eidsdal.
Det er snakk om ei såkall tenderkai, ei kai der cruiseskipet ligg ute på fjorden og fraktar folk til og frå land med småbåtar.
Frå Eidsdal til turistattraksjonen Geiranger er det 25 kilometer. Der er utsleppskrava til cruiseskip er strengare enn i Eidsdal.
Eidsdal Næringsutvikling og agenten til Viking Cruises har dialog med aktørar som kan bistå med transport til Geiranger og andre utflukter i området, ifølgje Bergerud.
Reiarlaget tok kontakt
Ei prosjektgrupper er oppretta og har byrja arbeidet, men er ikkje fulltalllig enno, seier Bergerud.
Det er Torstein Hagen sitt cruisereiarlag Viking Cruises som tok kontakt om Eidsdal kunne blitt ei ny cruisehamn, seier Bergerud.
Viking Cruise er mest kjent som eit elvecruise-reiarlag, men driv og havgåande cruiseskip, der mellom anna Geiranger står på reiseplanen.
Sterke reaksjonar
Eidsdal ligg i Fjord kommune og har vekt merksemd i nabokommunen Stranda, som Geiranger er en del av.
På siste kommunestyremøte i Stranda før jul kom tidlegare ordførar Jan Ove Tryggestad med krass kritikk av planane, skriv Stranda/Sykkylven-avisa Nyss. Lokalavisa skreiv om cruisekai-planane først, då dei vart lansert i desember 2024.
– Kjem Fjord kommune med eit vedtak som opnar for denne aktiviteten, så må vi berre akseptere at naboen vår blir vår største fiende når det kjem til grøn tenking og utsleppsfrie fjordar, siterer avisa Tryggestad på.
Publisert: 07.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 06.01.2025 22:45