NPK: Fleire nye gondolprosjekt reiser spørsmålet om kor mykje er for mykje for marknaden for fjell-transport.
Det ligg klart planar om gondolprosjekt på Skei i Jølster, Flåm i Aurland, Narvik i Norland, Sula, Odda og Sauda. Frå før finst det gondolar i mellom anna Loen, Åndalsnes, Voss og Tromsø.
Ved fleire av prosjekta har Menon Economics utarbeidd ringverknadsanalyse. Både i Jølster og i Sula meiner selskapet at gondolar vil skape vekst og fleire nye arbeidsplassar.
Til NRK seier likevel partnar og styreleiar Erik Jakobsen at det finst ei grense for kor mange nye prosjekt som bør sjå dagens lys.
Han seier det framleis er rom for å bygge fleire gondolprosjekt, men på eit tidspunkt kan det få negative følgjer på eit par viktige område:
- Dersom det blir for mange prosjekt i forhold til etterspurnaden, så kan det føre til auka konkurranse og redusert trafikk for kvar av dei.
- Dersom det blir auka negativt fokus knytt til naturinngrep, slik at gondolar og taubaner generelt får dårlegare omdømme, så vil det også råke alle.
Skulle til dømes både prosjektet i Jølster og Flåm bli realiserte, i tillegg til Loen som allereie eksisterer, vil det vere tre gondolar i Sogn og Fjordane-området.
Publisert: 21.06.2023 13:31
Sist oppdatert: 21.06.2023 13:31