Thomas Klungsoyr Griff Aviation sjef Uredd 2026 foto Ogne
ERSTATTE HELIKOPTER: 80 prosent av godstransporten med helikopter går med last på 50 kilo eller mindre, seier Griff Aviation-sjef Thomas Klungsøyr. Det kan Griff Aviation transportere med dronar, som er langt billegare. Torsdag presentere han selskapet på konferansen Uredd i Ålesund. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Veks mest i forsvarsmarknaden

Droneselskap nådde nesten 10 millionar kroner i inntekt i fjor - og veks meir i år. No er den militære marknaden viktigast.

20.03.2026

Då droneselskapet Griff Aviation i Sykkylven blei etablert, var tanken å bygge ein drone som kunne erstatte mykje av arbeidet som store og dyre helikopter gjorde i den sivile marknaden. 

Den sivile marknaden er framleis eit mål - som selskapet også ventar skal bli den største for selskapet. 

Men akkurat no er det forsvarsmarknaden som er størst. Det er ein konsekvens av at selskapet tok eit val då verda vart ein farlegare stad og Ukraina-krigen kom. 

Bevisst val
– Vi ønskte å vere med å bevare den freden og tryggleiken vi har i Noreg, seier Griff Aviation-sjef Thomas Klungsøyr om valet om å også satse på forsvarsmarknaden. 

Dronane kan mellom anna brukast til transport fram til fronten, der utviklinga av våpenteknologien har gjort helikopter meir sårbare. 

Dronane kan også utrustast med rakettar og dei kan fungere som sambandssentralar som svevar over bakken. 

Ny modell med lengre rekkevidde
Selskapet har i dag to modellar i marknaden. Ein som kan frakte 30 kilo og ein som kan frakte 60 kilo. 

Neste år blir det lansert ein ny modell, med vesentleg lengre rekkevidde. Med 60 kilos last kan den flyge 150 kilometer, nesten fire gangar lengre enn den 60-kilosfrakt-modellen selskapet har i dag. 

Per i dag har Griff Aviation i underkant av 30 tilsette, dei fleste i Sykkylven.

– Fortsatt i utviklingsstadiet
2024-rekneskapen er den sist offentleg tilgjengelege og viste at Griff Aviation fekk 8,4 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 28.000 kroner. 

– 2024 var nok fortsatt eit venteår. Vi er fortsatt i utviklingsstadiet. Griff Aviaton har drive med utvikling i mange år. Det er ein lang prosess for å kome fram til ein teknologi som vi meiner har dei eigenskapane den treng for å være eit attraktivt produkt i markedet, sa styreleiar Tore Tønseth til Nett No då 2024-tala var klare sommaren 2025.

Halsebakk størst
Tønseth er investeringsdirektør i Halsebakk-familiens selskap Ronja Capital. Dei er største eigar i Griff Aviation, med 37,6 prosent av aksjane ifølgje databasen proff.no.

Ronja Capital har skote inn pengar i selskapet i fleire omgangar, og Klungsøyr vil ikkje utelukke at det kan bli aktuelt med nye kapitalinnhentingar i år eller neste år. 

– Det kjem litt an på kor mykje vi gir gass på skalering etterkvart, seier Klungsøyr.

Publisert: 20.03.2026 08:56

Sist oppdatert: 20.03.2026 18:28

Mer om