Yacht Illustrasjon Green Yard Kleven
EIGEN DESIGN: Green Yard Kleven kan både designe eigne luksusfartøy, og samarbeide med andre aktørar i marknaden. Tidlegare har Marin Teknikk designa yachtane som er bygd ved Kleven. Illustrasjon: Green Yard Kleven
Kort fortalt

Verftet vil tilbake i yacthmarknaden

– Sterk etterspurnad, fortel salssjefen ved Green Yard Kleven.

Marius Rosbach
20.03.2026

Green Yard Kleven vil gjere comeback i marknaden for ekspedisjonsyachtar som følgje av oppsving i aktiviteten, ifølgje nettstaden Superyachttimes.com.

– Som eit svar på ein sterk etterspurnad i marknaden har vi bestemt oss for å styrke posisjonen vår i yachtmarknaden, fortel salssjef Sigvald Håkonsholm til nettstaden. 

Verftet har tidlegare bygd fleire yachtar til New Zealand-milliardæren Graeme Hart.

Yacht Kleven
SJØSETTING: Sjøsetting av den 107 meter lange yachten til New Zealand-milliardæren Graeme Hart ved Kleven-verftet. Yachten blei levert i 2015 og heitte då Ulysses. Arkivfoto: Kjetil Haanes

Sidan eigarane i Green Yard overtok i verftet i Ulstein har dei hatt ein rekke ombygging- og reparasjonsoppdrag, i tillegg til at dei driv resirkulering av skip. 

Snart ventar verftet sitt første nybygg til kai – og no kryssar dei altså fingrane for at det også skal bli arbeid i yachtmarknaden. 

Konsernsjef Hans Jørgen Fedog fortel til nettstaden at dei ser store moglegheiter for å sikre seg oppdrag på området. 

Publisert: 20.03.2026 10:41

Sist oppdatert: 20.03.2026 10:41