Tafjord-konsernet vil satse på datasenter fleire plassar på Sunnmøre, og har starta fleire selskap for verksemda.
– Vi er i diskusjon om tomter og med partnarar, skriv konsernsjef Erik Espeset i Tafjord i ei tekstmelding til Nett No.
Han er ikkje konkret på kvar det er aktuelt å lokalisere seg, men namnet på tre nye selskap som er registrert i Brønnøysundregisteret gir eit hint; Fjordcore Ålesund, Fjordcore Vanylven og Fjordcore Sjøholt.
Tidleg fase
Datasentersatsinga er framleis i ein tidleg fase.
Kor stor eigarandel Tafjord skal ha i det, eller dei eventuelle datasentra, er ikkje fastsett, ifølgje Espeset.
Dei tre selskapa er oppført med same formål: «Å sikre tilgang til tomter, bygge nett og annen generisk infrastruktur på tomtene, og ta egenkapitalposisjoner i datasenterprosjekter på en eller flere av tomtene».
Konsernsjef Erik Espeset er styreleiar i alle tre selskapa. Dagleg leiar er Andreas Jensen, som er leiar for forretningutvikling i Tafjordkonsenet.
Storsatsing på datasenter ved Måløy
Sunnmøre og Nordfjord har per i dag eitt større datasenter, Lefdal Mine Datacenter. Det ligg i ei nedlagt olivingruve ved fjorden mellom Nordfjordeid og Måløy. Senteret blei etablert av lokale investorar, med mellom andre Sogn og Fjordane Energi som medeigarar.
I 2020 kjøpte det amerikanske investeringsfondet The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund ut grunnleggarane og vart største eigar. I år er investeringsselskapet 3i Infrastructure plc med adresse på Jersey blitt ny hovudaksjonær.
3i Infrastructure plc får også med seg ein av investorane i Columbia-fondet vidare i Lefdal Mine Datacenter. Samla er det snakk om ei investering på 400 millionar pund, cirka fem milliardar kroner.
Store straumforbrukarar
Datasenter er store straumforbrukarar og kunstig intelligens-program har fått behovet for straum til datasentra til å bli endå større.
Per i dag har Lefdal Mine Datacenter nok straum, men etter kvart som datalagring- og databehandlingsanlegga som kundane skal ha er ferdigbygd og tatt i bruk, vil taket vere nådd. Det skjer i slutten av 2027, sa dagleg leiar Jørn Skaane i Lefdal Mine Datacenter til Nett No då 2024-rekneskapen var klar i fjor.
I 2022 fekk Lefdal Mine Datacenter på plass ein straumforsyningskapasitet på 80 Megawatt (MW).
Då rekna Skaane med at det ville ta 6-7 år før datalagringssenteret var blitt så stort at 80 MW-kapasiteten vart fullt utnytta. Det betydde i 2028-2029. Noe er det altså snakk om 2027.
80 megawatt tilsvarar straum til 32.000-40.000 husstandar, eller om lag ein mellomstor norsk by.
Publisert: 20.03.2026 14:27
Sist oppdatert: 20.03.2026 14:27






