NPK: Nerbø blir dagleg leiar for Klippfiskakademiet i Ålesund, medan Ole Christian Skogen blir kreativ leiar og kjøkkensjef, ifølgje ei pressemelding frå Klippfiskakademiet.
– Dei tek over etter Mindor Klauset som har vore alfa og omega for å etablere Klippfiskakademiet, som ein viktig institusjon for byggje omdømmet av både sjømat og annan mat frå Møre og Romsdal. Klippfiskakademiet ber seg også no reint økonomisk. Dette skal Klauset ha all ære for, uttaler styreleiar Paul-Gustav Remøy, ifølgje Sunnmørsposten.
Klippfiskakademiet går no inn i ei ny fase der det skal byggjast vidare på det ein har fått til, samtidig som konseptet skal utvidast vidare.
– Vi har derfor valt å dele oppgåvene som Mindor Klauset har hatt aleine på to personar. Mette Scott-Dahl vil framleis vere med på den viktige delen som går på matprosjekta for barn og unge som Klippfiskakademiet har hatt suksess med i Møre og Romsdal.
Klauset sjølv går over i ei ny stilling i eit anna selskap.
Klippfiskakademiet formidlar kunnskap om Møre og Romsdals særeigne råvarer frå sjø og land. Kokkekurs, kokketeater og skreddarsydde arrangement er blant tilboda til bedrifter og private grupper.

Publisert: 22.09.2017 14:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41