Kort fortalt

Nye rekneskapsreglar

Kan spare næringslivet for 1 milliard.

06.12.2017
NPK-NTB: Ei forenkling av rekneskapslova som blei vedtatt tysdag kan spare norsk næringsliv for så mykje som 1 milliard kroner, meiner regjeringa.
Ordninga trør i kraft frå nyttår. Endringane går blant anna ut på at små selskap ikkje lenger skal ha plikt til å utarbeide årsmelding, noko som skal redusere kostnadene med 700 millionar kroner i året, ifølgje regjeringa.
– Tusenvis av små og mellomstore bedrifter landet over vil få redusert kostnadene til rekneskapsføring med desse forenklingane, seier Elin Rodum Agdestein, som sit i finanskomiteen for Høgre. Ho kallar forenklinga den store julegåva frå regjeringa til næringslivet i år.
Forslaget blei lagt fram av Finansdepartementet og er ein del av forenklingsarbeidet frå regjeringa. Det er anslått at norsk næringsliv bruker 60 milliardar kroner i året på å rapportere inn til staten.
– Det er estimert at dette kan gi ei innsparing på 1 milliard kroner for norsk næringsliv, seier finanspolitisk talsmann i Frp Helge André Njåstad.

Publisert: 06.12.2017 09:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40