NPK: Mellom 90 og 100 oppdrettsanlegg på Vestlandet må følgje dei skjerpa reglane for bruk av avlusingsmiddel med kitinsyntesehemmarar, opplyser Fiskeridirektoratet.
Region Vest i direktoratet har kartlagt kva anlegg som ligg i eit område nærare enn 1.000 meter frå rekefelt, og kome fram til at mellom 90 og 100 anlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane fell inn under forskriftsendringa om strengare restriksjonar på bruken av kitinsyntesehemmarar.
– I første omgang går vi ut med informasjon til oppdrettarane om at dei må passe på å følgje dei nye restriksjonane. Vi opplyser også om forskrift om transport av akvakulturdyr, som seier at det ikkje er lov å dumpe badevatn brukt til behandling av lus nærare enn 500 meter frå eit rekefelt eller eit gytefelt for reker, seier seksjonssjef i region Vest, Leni Marie Lisæter.
Lakselus er eitt av dei mest alvorlege fiskehelseproblema i norsk fiskeoppdrett. Kitinsyntesehemmarar er eit avlusingsmiddel brukt i fôr, og skal bidra til at skalskiftet til lakselusa blir hemma. Middelet kan også vere skadeleg for reker.

Publisert: 27.10.2017 12:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41