Kort fortalt

Nye tap for Brisk-selskapa

Men fleire kom tilbake i arbeid i fjor.

Marius Rosbach
27.07.2023

Brisk-selskapa i Ålesund fekk eit nytt tøft økonomisk år i fjor. 2022 vart det tredje år med tap på rad for arbeids- og inkluderingsbedriftene.

Etter ei omsetning på 92 millionar – litt svakare enn året før – enda året med eit resultat før skatt på minus fire millionar (sjå tabell under).

Samtidig viser årsmeldinga at dei fekk heile 226 personar ut i arbeid i løpet av 2022. Det er ny rekord – og til saman 1508 personar har dei siste ni åra kome i arbeid med støtte frå Brisk.

Brisk (konsern)

Årsresultat (i mill kr)


2022

2021

Driftsinntekter

92,9

98

Driftsresultat

-2,5

3,5

Res. før skatt

-4

-4,7

Møre og Romsdal fylkeskommune og Ålesund kommune er dei største eigarane i konsernet, som består av Brisk Karriere, Brisk Utvikling, Brisk Barnehage og Brisk Bakeri.

Sistnemnte selskap fekk eit fall i omsetninga i 2022, samtidig som kostnadene auka. Situasjonen har ført til ein negativ eigenkapital for dette selskapet – og tiltak er sett i verk for å møte den nye situasjonen, skriv leiinga i årsmeldinga.

Også Brisk Utvikling fekk økonomiske utfordringar mot slutten av året, grunna stor nedgang i innsøk frå Nav. Det førte til at selskapet har permittert og redusert talet på tilsette.

Publisert: 27.07.2023 11:22

Sist oppdatert: 27.07.2023 11:22

Mer om